Velkommen til Høgfjellslam frå Gudbrandsdalen

Sau og lam som beiter i høgfjellet over 800 moh et beiteplanter som er rike på blant anna Omega fettsyrer. Det er vier, urter, gras og lyngplanter som set den særegne smaken på kjøttet. Derfor er slakt frå desse områda særs godt egna til blant anna spekemat og pinnekjøtt. Sjølvsagt også som ferskt kjøtt til rettar der lammekjøtt er brukt i fylgje tradisjonane. Områda i Nord-Gudbransdalen er kjendt for nasjonalparkane Rondane, Reinheimen, Jotunheimen, Snøhetta og Breheimen.
Det er her Høgfjellslamma og sauene har sine beite heile sumaren gjennom.

Sporing

Forbrukarane blir meir og meir opptekne av å kunne veta kor maten kjem frå.
Innføring av elektroniske merker på dyra frå 2008, gjer at det er sikrare å kunne finne attende til kvar kjøttet kjem frå. Det blir arbeid med å vidareutvikle dette systemet slik at eit nummer på kvar einskild pakning i butikken kan fortelja kva område kjøttet er produsert i.
Ein må da bruke internett som søkeplass. Ein “link” vil verta tilgjengeleg her på sida når dette er ferdig utvikla. 

Oppskrifter 

Sagt om oss

Kontakt oss